ETIOPIA: Konferansen ved hovudstaden Addis Abeba samla leiarar frå fjorten land, mellom andre Norge. FOTO: PRIVAT

Disippelskap på etiopisk

Vi kjenner behov for å bygge nettverk saman med andre lutherske kristne frå ulike land i verda, skriv Erik Furnes i dette reisebrevet frå Etiopia.

ADDIS ABEBA: I starten av september inviterte Mekane Yesus-kyrkja i Etiopia til leiarsamling i «Global Lutheran Forum» (GLF), og eg reiste som representant for ImF, men også som del av Evangelisk Luthersk Nettverk i Norge.

Forumet vart danna for vel eit år sidan. Som organisasjonar og kyrkjesamfunn opplever vi press av ulikt slag for å tilpasse vår lære i tråd med tidsånd og folkemeining, og vi kjenner derfor behov for å bygge nettverk saman med andre lutherske kristne frå ulike land i verda.

Hensikta er å gje støtte og oppmuntring til dei som vil arbeide for reformering og fornying av kyrkja over hele verda, og ikkje minst er vi i Vesten interessert i å få impulsar frå landa der vekkingane går fram i dag.

14 land

Denne konferansen ved hovudstaden Addis Abeba samla leiarar frå fjorten land: Peru, Bolivia, USA, Canada, Norge, Sverige, Danmark, Tyskland, Mongolia, Indonesia, samt dei afrikanske landa Etiopia, Kenya, Tanzania og Sør-Sudan. Det seier seg sjølv at organisasjonane og kyrkjesamfunna som var representert, er veldig ulike med tanke på kultur, struktur, embetssyn, osb, men vi står saman i eit felles ønskje om å vere vekkingsrørsler som kallar menneske til omvending, byggjer kristne forsamlingar og disippelgjer dei truande til å gå ut med Evangeliet.

Mekane Yesus-kyrkja, eller Ethiopian Evangelical Church Mekane Yesus, vart stifta i 1959 og er vel i dag det mest veksande lutherske kyrkjesamfunn i verda. Dei har for lengst passert ni millionar medlemer, og kvart år vert fleire hundre tusen menneske omvendt og lagt til kyrkja ved tru og dåp.

Dele trua

Det var veldig interessant og tankevekkande å høyre deira presentasjon av sitt omfattande arbeid. Det er store skilnader i språk, historie og kultur i ein så samansett nasjon som Etiopia, men likevel går Evangeliet fram med stor gjennomslagskraft. Og nøkkelen til dette er at kvar truande vert utfordra til å dele trua si med to–tre  menneske kvart år. Det er altså ikkje dei store kampanjar som utgjer den store skilnaden, men utslaget av at truande dagleg lever i etterfølging av Jesus Kristus.

Bildet er ikkje rosenraudt, for det er utfordringar med samanblanding av kristen tru og folketru, men vi møtte ei kyrkje som er oppteken av opplæring og oppfølging av kristne pastorar og leiarar.

Sjølv om besøket i Addis Abeba berre varte i knappe tre dagar, fekk vi også besøke NLM sin stasjon, samt vere med på ei omvising i byen. På gata nedanfor ei ortodoks kyrkje kom vi i samtale med ein mann som nettopp hadde kome til tru på Jesus. «Mange her i Etiopia trur at vi ikkje kan be til Gud og Jesus, men via helgenar og andre mellommenn. For meg er det berre Jesus eg kan gå til», sa mannen. Saman med seg hadde han eit par muslimske vener som også var interessert i å lese i Bibelen, så eg kjøpte ein Bibel til kvar av dei. Så ber eg om at dei ikkje sel dei vidare, men verkeleg les og opnar sitt liv for Han som er einaste veg til Gud.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.